tirsdag 22. mai 2007

Barnebarnet mitt Hanna er 4 år!


Hanna gler seg til kake

Vi var oppom på Sunde i Førde i dag og fekk middag og blautkake, då eldste barnebarnet mitt Hanna var 4 år.
Olaug, Marie og Peter tok turen frå Stongfjorden.
Det vart ei kjekk stund og både ungar og vaksne kosa seg.

Eg fekk likevel tid til ein tur på Blåfjellet då eg kom heim igjen.
Drøymande 4-åring...

Der oppe bles det noko så utruleg at eg måtte ned på fire eit par gonger i værste kasta for ikkje å bli blesen overende utover fjellknausane frå Mangevatna. Heilt fantastiske krefter!
(No høyrer eg om total havari på vindmøller som ikkje toler den ekstreme vinden som kan førekomme (dei må og stenge ned produksjonen når det bles som mest)- lurer på korleis det skal gå når veirprofetane varslar endå meir ekstrem veir og vind i framtida pga den globale oppvarminga.... Eg tenkje framtidige turbinar på Staveneset skal få køyrt seg....vel, turbinane kjem nok ikkje opp då... men...
Totalhavari på ein vindturbin kostar jo nokre kroner....:-))

Heldigvis heldt det heldt seg opplett i går kveld elles hadde det vorte skikkeleg tøft. Kan vi snart tru på sommartemperaturar?


Vanvittig vind på Blåfjellet kl 19.15... -

....nesten kvalt...:-)

1 kommentar:

Kari Vevatne sa...

heisann!
Det var då ein herleg bukett du har - i alle aldrar :-) Vel overstått til både deg og barnebarnet..
Her er det regn og regn og ruskever. Vi får krysse fingrane for ei fin pinsehelg