søndag 15. april 2007

Kaldrasnipene i Holmedal


Kjærlege og tenksame jenter med "sjokolade-Peter"...

Eg vakna som eit vrak i dag i 6-tia. Armane og føtene var stive og støle etter 4 timar på fjellet og 5 timar med å male/rulle butikk-taket i går. Kroppen var som ei sundetrakka ause!
Eg drakk opp glaset med vatn eg plar ha på nattbordet og la meg til å sove igjen - lite moa på å gjere noko som helst.
Olaug sto opp med Peter i 8 tia. Eg vart liggjande til halv 9.
Ved frukostbordet var ho bestemt på å gå på Kaldrasnipene i Holmedal. Det kunne vere koseleg med ein familietur dit så eg ville og bli med. Greitt å gå av seg noko av stølheita...

Med litt ulik døgnrytme her i huset vart Marie vekt i 10-tia.
(Det er jo langt på dag for eit A-menneske som meg som helst burde ha tatt ein fjelltopp på denne tid av døgnet!)

Vi kom oss no endeleg av garde og køyrde ned til vassverket i Holmedal. Vi gjekk så opp traktorvegen som vart bygd i forbindelse med vassverket og gjekk opp til Vikastølen. Stien herifrå føl dalsøkket vidare oppover til Nyksvatnet. Det er naturleg å ta ein rast ved hytta her etter ein halvtimes oppstigning. Elva som renn ut frå vatnet er idyllisk og nærast innbyr til friskt påfyll av fjellvatn! Plattingen på hytta vender og fint sørover med flott utsikt ned på Dalsfjorden, Bakkefjellet og Blåfjellsåta (sjå bilder).
Vidare til Kaldrasnipene tek du sørover og oppover same vegen som mot Dokka. Her er god sti opp stigninga.
I dalen rett under Dokka tek du beint vestover i staden for å ta siste ryggen opp Dokka. Etter eit kvarters gange opp bakkane ser du to toppar som ligg like ved sidan av kvarandre. Du er no komen rett aust om Eidsfjorden og Kaldrasnipene er dei høgste toppane her. Det er flott utsikt spesielt vestover og austover (i nord ligg Moldura og i sør Dokka). I vest ligg Askvoll, Atløy og Alden og i aust bl.a Blegja, Storehesten og fjella i Holmedal.
Turen gjekk veldig greitt for Peter, Marie, Olaug og meg og tok ca 3 timar.

I morgon er det 8 timar på kontorstolen igjen...kanskje like greitt etter ei ganske fysisk helg....:-)

Kaldrasnipene

Ingen kommentarer: