tirsdag 3. april 2007

Alle vegar er ein omveg heim


Markavatnet 3/4 kl 08.20

Motto i dag tidleg - inga tid å misse! Eg var ut ein tur på altanen og sjekka veiret i 05.30 tia. Ikkje ei sky på himmelen. Meldingane var tilskyande med vind mot kvelden. Så her var det berre å komme seg i gang! Det vil seie, eg måtte no vri meg i senga eit par gonger før det var forsvarleg å stå opp - her er litt forskjellig døgnrytme i huset etter at alle ungdommane er komne heim til påske....:-)

Men i 08.00 var alt klart. Havregryna var fortærte. Olaug var reist på jobb. Marie, som skulle vere barnevakt, var vaken og Peter hadde frukost i magen.

Ved Markavatnet var alt fryd og gaman. Vatnet låg trolskt og stille med ei ny tynn ishinne inne i vika. Dei første solstrålene spegla sine første, prøvande stråler over land og vatn(sjekk bilder). Og smålomen helste meg velkomen med sine kjende skrik.

Ei tekstmelding frå Agnar braut idyllen. Han var på veg frå Førde med heile familien for eit par dagar på Nipebu. Vi hadde avtalt i går kveld om å treffast. Eg var tenkt meg opp på Markahengenipa før eg la turen til hytta, og hadde høyrt at det gjekk an å ta rett opp ved brua i ura nedom Krokavatnet.

Det gjekk greitt første biten. Eg følgde ranen oppover på nordsida, til eg kom opp under første toppen. Men her viste det seg klin umogeleg, iallefall med helsa i behald, å kome seg opp på platået ovanfor. Det er godt mogeleg å gå opp eit par skårar her sommarsdagen, men med skavlane som ligg no, på denne nordvende sida, tok iallefall ikkje eg sjansen på å klive opp - sjølv med Icer;s under skoa. Her var knallande hard skare og nesten loddrett titals med meter ned dei to-tre plassane som var mogeleg å klatre opp. Eg måtte difor bite i det sure eplet å gå heile vegen ned igjen, nesten til DNT-merkinga, før eg igjen kunne skjere opp alle bakkane på ein ny rane litt lenger sør. Eg hadde vel nesten kasta vekk ein heil time på dette "stuntet"...

Men ikkje nok med det - når eg kom endå lenger opp på den andre ranen var det og vanskar med å komme seg opp på siste topp-platået. Det var kliving og filing for å finne rette skårane - for forkastningane i fjellet låg sjølvsagt mot gåretningen...
Eg var skikkeleg forbanna, men slik er det å prøve seg på snarvegar ein ikkje har prøvd før...

Enden på visa var at eg hamna nesten heilt sør under toppen av Fossedalshengenipa - ved den merka løypa nedom Nipevatnet - der eg er lommekjend og var tenkt å gå opp i første omgang!
Siste partiet utover ryggen mot toppen av Markahengenipa er piano og nesten paddeflatt.

Eg kunne ikkje gjere anna enn å ta det med godt humør heller. Dagen var jo strålande...! Og gjort er gjort!
Snakk om omvegar....:-)

Etter at eg hadde vore ut på toppen og klatra ned ein snarveg (!) mot Nipevatnet eg visste om, gjekk eg sør over isen på Nipevatnet og Langevatnet bort på Nipebu. Isen er framleis trygg, men ikkje ved osen der elva renn ned i Langevatnet.
På hytta var det ingen...Gardinene var trekt for og det var pluss 6 gr i hytta. (Asbjørn og Hjørdis hadde gått ned i går). Det var berre å fyre opp i omnen til Agnar med kompani kom.

Eg tok meg eit par velfortente skiver på altanen. Medan eg sat der, skya det berre meir og meir til. Gufsen frå ein ny vestleg og kald vind ruska meg i sveisen.
Sidan påskegjestane let vente på seg, og eg hadde barnevakt heime, la eg godt inn på omnen og rusla i veg same ruta som eg kom - nord att Langevatnet og Nipevatnet. I enden av Nipevatnet traff eg familien. Vi tok ein passiar der og nokre bilder, før eg stima ned att bakkane mot Krokavatnet og Markavatnet.

Eg håpar veiret ikkje blir så gale som dei melder...og tenkjer på dei på hytta. Det er eit must å komme seg ut slike påskedagar, men so har no Agnar vore ute ein vinterdag før!

Blir det bra veir torsdag er det jo ein ide og reise oppatt, ta ein kosekveld og vere til fredag.
Kveldane på Nipebu er særs koselege.
Just a thought...!


sjekk bilder her:
Markavatnet-Markahengenipa-Nipebu

Ingen kommentarer: