søndag 25. mars 2007

Vår på fjord og fjell

Peter i godt driv ved Rinda - det lyser innsats og vilje!
MMS frå Toreheia av fornøgd vandrar
Foto med sjølvutløysar frå same favoritt-stad

For ein fantastisk søndag!! Til fjells og på fjorden! Temperaturen var oppe i over 15 grader, "sola skein som ho var gala" og det var nesten ikkje eit vindpust. Einaste kleda eg hadde på meg ovantil i dag var ei Devold ulltrøye...Men det vart ikkje Moldura-tur, men ein kombinasjon av familietur til Blåfjellet og ein egotur vidare på Skylefjellet og Toreheia. Total lengde på 4,5 timar.
Turen gjekk for det meste på avblesne rabbar til fots, men og på snøhellingar. Eg ombestemte meg i dag tidleg vedr Moldura og ville prøve beina skikkeleg, før skiturane til påske. (Det er bra utsikt til Moldura frå turen i dag og glinsinga i sola der opp tyder på at det er svært isete)!

Det var positivt å kjenne at kroppen fungerte, og at ikkje all kondis var vekke på dei nesten tre vekene eg ikkje har fått trene....! (Eg har rett nok eit kne som ikkje er allverda heile tida, men dette er til å leve med....)!

Seinare på dagen var det berre utruleg å sitte i båten og pilke på blikkstille hav! For ein fred og for ei herleg kjensle å kjenne sola spegle seg i fjorden og svi kjakane. Tenk om vi kan få slike dagar frå neste helg og....! Livet blir utruleg mykje enklare med godveir no når påskegjestane snart togar inn....:-)

Vår på fjell og fjord

Ingen kommentarer: