lørdag 31. mars 2007

Vardenova og Stordalsfjellet


Det er berre å innsjå - høgre kneet mitt er rote! Menisken på innsida er håplaus vond. Omlag som å gå med ein kniv i kneet. Spesielt nedoverbakke, og støt sideveis, utløyser sterke smerter.
Turen på Blegja i morgon heng difor i ein tynn tråd. Så sjølv om det går dalingar frå Hjelmeland som eg kan følgje, blir dette litt bingo for meg å vere med på. Det er til å grine av....
Får ta ei avgjerd seinare i kveld...

Men eg fekk meg ein flott 4 timars tur til fots i dag på Vardenova og Stordalsfjellet. Det låg eit lite dislag då eg gjekk, men dette letta fort opp og det vart aldeles nydeleg. Spesielt øvst i Stordalen og opp breiskora til Stordalsfjellet var det berre aldeles nydeleg. Sola brann i sørhellinga så det rann av snøen. Men rennande sveitte og solkrem i auga er vel eit aber ein lyt ta med...! Vi kan vel berre vere takknemleg så lenge dette er situasjonen.(Men eg får litt problem med linsene mine av sveitt solkrem i auga....)!

Etter ei natt med minusgrader i fjellet var det knallande hard skare/is oppe i høgda. Eg kan takke Icer;s isbroddane mine for at eg kom meg opp, eller torde å gå opp, dei værste isete bakkane! Det er no kjekt det pirrar litt ekstra i magen og...:-)
I dag hadde eg i tillegg gløymt mobilen heime. Det likar eg dårleg då eg ofte går åleine. Det er god forsikring å ha med seg opplada mobil på åleineturar.


Vardenova og Stordalsfjellet

Ingen kommentarer: