tirsdag 27. mars 2007

Kjempeflott kristtorn og Blåfjells-tur (mms bilder)


Korleis denne flotte og sikkert eldgamle kristtornen har funne fotfeste 3-400 meter over havet like ved tregrensa, må fuglane vite... Men så er den også særs tett i voksteren - sikkert for å nytte betre den vesle varmen som er om vinteren!
Iallefall er den eit fantastisk syn på veg opp fjellet her på Yndestad. (Denne kristtornen + ein til er og avbilda i bildeserien min "Vår på fjell og fjord").

Kristtorn er mykje nytta i juledekorasjonar. Dersom du heng opp ei kristtornbusk over inngangsdøra til jul, skal det bringe lykke og fred. Bæra er lett giftige og kan nyttast som brekkmiddel. I gamle dagar nytta europeiske druidar kristtorn til å helbrede folk med. Den har magiske egenskapar! Veden er knallande hard.

Sør og vest om huset vårt har vi kappa ned ein god del graner siste åra. Kristtorn er ein særs varmekjær busk som vi har ganske mykje av i Stongfjorden. Vi har såleis fått mykje betre lysinnstråling rundt huset og nydeleg utsikt ut og inn fjorden. På desse plassane poppar det no opp ny kristtorn!
Eg vil mykje heller ha kristtorn enn graner rundt huset.....:-)


Flott 2 timar trimtur til Blåfjellet i kveld. Super temperatur og berre småflekker igjen med snø. Herleg å kjenne sveitten svi i panna og pulsen dunke i skrotten, ja, og ha endå meir å gje! Mosjon er berre herleg....:-)

Ingen kommentarer: