Facebook

lørdag 14. oktober 2017

Haglebyger vind og vått

Ut Stongfjorden med gløtt av sol på Stavenesodden

Eg var ein tur inn på Middagsnipa i dag. I veldig skiftande vèr. Eg fekk på meg eit par solide regnbyger. Inne på toppen ei skikkeleg hagebyge i sterke kulingkast. Eg fekk skifta på meg nokre tørre klede bak toppen i aust, og venta ut det verste av byga. Elles var det ein grei tur. Om enn noko sleipt og vått.  

Portafjellet og Vardenova i dag


fredag 13. oktober 2017

Vara din utgang og din inngang

Tante Liv si båre

I går reiste vi syskene til Oslo med fly for å ta farvel med tante Liv, syster til mamma, som stille gjekk bort torsdag for 14 dagar sidan. Gravferda gjekk frå Vestre Aker Kirke. 

Tante Liv var innerst inne vestlending. Som Herbjørn. Sjølv om dei budde vekke. Oppvaksne på Guddalen og i Dale. Vestland Vestland av Sissel Kyrkjebø vart såleis sunge som solosong i kyrkja. Diktet "Ferjereiser" av onkel Herbjørn vart òg framført. Ja, presten Hjalmar Kjesvik er òg vestlending. Gift med ei Florø-jente frå Hovden. Han heldt ei god og til dels personleg tale for tante Liv. Og ute var det nydeleg haustvèr. Solstrålane laga gildt lys inn på båra i kyrkja. Vårt farvel til tante Liv vart til ei varm og minnerik stund. 


Ferjereiser

Mi første ferje i livet
gjekk alltid før bussen kom
Så eg budde på pensjonatet
på eit lite og trekkfullt rom

Og seinare har eg venta
på ferjer mang ei stø
No veit eg at timen og æva
er mest like lange i kø

Ein ventar alltid på ferjer
dei går og dei kjem som dei vil
Og framme og bak er dei like
dei går når du trur dei legg til

Mi siste ferje i livet
i begge endar har stamn
Men rutetabellen er ukjend
og ferja har ikkje namn

Herbjørn Sørebø

Etter gravferda var vi samla for mat og sosialt samvere. Dette fann stad i tante Liv sin stamkafè. Her fekk vi helse på anna slekt og vener av tante Liv. Spesielt kjekt var det å treffe Mari og søskenbarnet mitt Hallstein, kone og son til avdøde Herbjørn. Det var lenge sidan vi hadde helsa på.

Leif-Arne, Bergljot, Mildrid og mamma

Vestre Aker Kirke
Noko av bodskapen til presten kunne samanfattast i omgrepet "sorger og gleder hand i hand". Vara din utgang og din inngang. Liv og død. Og oppstandelse. Av livets merkverdigheita kunne dette ikkje betre billedleggjerast då eg i løpet av gravferda vart onkel att... Det var ei stund sidan sist no.... Caroline Miriam og Øystein Olav vart foreldre til ein gut. Vi var gjort merksame på at noko var på gong då mamma i løpet av natta før hadde fått ei tekstmelding. Her er difor eit bilete av eit nytt levande under og ei stolt mor - medan vi gøymer minna etter tante Liv i hjarta våre. 

Publisert etter løyve frå Øystein Olav

søndag 8. oktober 2017

Staute merkekarar

John Lien og Jan Arne Lilletofte

På Osland i dag tidleg

 


Eg såg to karar ved Indrevågefjellet i dag tidleg gå i retning Middagsnipa på merkeoppdrag for fjelltrimmen komande sesong. Den nye opna i dag. Eg rekna med den eine var John Lien. Han har mykje med merking i fjella. Inne på Middagsnipa møttest vi. Det var rett som eg antok. John hadde med seg Jan Arne Lilletofte. (Det viser seg visst i etterkant at det var motsett). Vi pratast ei stund på toppen. Diskuterte mellom anna beste trasèen å sette opp merkestikkene dei hadde med seg. Siste stykket var nemleg best å få oversyn over frå toppen. 

Vest att mot Indrevågefjellet gjekk eg først. Eg rekna med den raude jakka mi var god å sjå der eg gjekk. Eg sette òg opp nokre vardar. Så no er løypa til Middagsnipa godt merka av stikker med refleks på toppen. No er det berre å sette i gong å gå for eigen helsevinst. Fjelltrimmen er eit godt tiltak i så måte. Takk til mellom anna John og Jan Arne som driftar merking. 


Kreta i oktober




Ja, då er haustturen til Olaug om meg til Kreta i år historie. Innhaldsrikt og kjekt. Vermessig var det alt frå styrtregn og vind til strålande solskin og varmt. Men det er klart det dreg seg til haust ved Middelhavet òg. 



Eg let bilda tale for seg. Hovudfila ligg til sist. Men eit lite samandrag av turen får eg koste på meg. 

Olaug har mange av sine i Bergen. Så etter å ha teke båten frå Askvoll fredagen, traff vi Kirsten (søster til Olaug) og Arnt. Flyet vårt gjekk ikkje før om kvelden, så vi hadde god tid i Bergen til kaffi og mat ute i det strålande vèret. 

Turen til Chania gjekk heilt etter planen. Vi sjekka inn på hotellet natt til lørdag. Torbjørn (son til Olaug) og Ingrid Anita og eit vennepar frå Sunnfjord skulle heim igjen frå Platanias denne dagen. Vi budde i Gerani, men ein kjapp taxi gjorde at vi fekk ein times tid i lag medan dei pakka seg ut frå hotellet. 

Lørdagen og søndagen var det heller dårleg vèr. Temperaturen var ikkje noko å seie på. Omlag 20 grader kan eg tenke meg. Men noko strandliv vart det ikkje desse to dagane. Vi valde heller å bruke søndagen i Chania. Til Chania reiste vi forresten ein kveld seinare òg då det var flott vèr og yrande folkeliv (sjå foto). 


Chania i fullmåne etter solnedgang




Onsdagen var Samaria Gorge dagen. Med avreise klokka 06, og der vi var tilbake på hotellet kl 21 om kvelden, vart dette ei lang dag. Men ravinen er verdt det. Den må berre opplevast. No gjekk vi ravinen i fjor sommar òg i ein heilt annan temperatur enn no. Og med mykje meir folk. Skal eg gå Samaria Gorge ein gong til vil eg gå om hausten. Det er klårare og kaldare luft då. 



I utløpet av Samaria ravinen ligg Agia Roumeli. Ein strålande flott liten landsby. Unik i sitt slag med at innvånarane som ein gong levde i dalen lenger oppe no lever her. For når ravinen vart nasjonal park måtte folk flytte frå dalen. Dette var i 1962. Havet på denne plassen er berre utruleg flott. Krystall klårt og varmt. I motsetnad til nordsida av øya der vi kom frå var havet blikkstilt og mange grader varmare. Etter kva som vart fortalt hadde det heller ikkje regna her slik som på nordsida. Neste gong det blir tur til Kreta ynskjer eg meg til sørsida av øya. 

Torsdagen var vi igjen ved hotellet. I eit nydeleg og varmt vèr. Rikeleg med avslapping, mat og soling for eit par litt lemstre kroppar. Men i kveldinga tok vi lokalbussen til Kolymbari der vi åt fantastisk god mat på ein koseleg liten taverna kalla Diktina. Kreta på sitt beste. 

Fredagen var avreisedagen. Men flyet vårt gjekk ikkje før kl 01 om natta. Denne dagen var gråvèret tilbake. Om enn ikkje med noko regn. Så vi tok oss ein spasertur til Gerani sentrum, eller det som kan kallast det, og åt ferske bakverk frå eit innhaldsrikt utval av bakervarer på det lokale bakeriet. I kveldinga tok vi etter kvart den kjende lokalbussen til Platanias og åt middag. 

Flyreisa heim igjen gjekk heilt flott. Eg trur neppe det tok meir enn eit kvarter frå vi landa i 04 tida om natta til vi hadde bagasjen i hendene. Så praia vi næraste drosje og reiste til Torbjørn og Ingrid Anita i Fana for litt søvn. Deretter nokre koselege timar ilag med Marie (dotter til Olaug) som kom oppover, og dei andre, før Torbjørn køyrde oss til båten som gjekk til Askvoll 14.15. 

Håkon og Marie

Konklusjon: Ei veldig kjekk veke med mange nye opplevingar. Eg kan ikkje kome på noko anna negativt enn at vakta i sikkerhetskontrollen stal i frå meg solkremen eg hadde i handbagasjen. Men den var no nesten tom likevel....

Venepar av Torbjørn og Ingrid Anita

Vesle Håkon og Ingrid Anita i Platanias






Cat on a roof






Lokale folk i Chania og
Kolymbari 


  
Chania
  
Chania





Osia Maria kyrkja


 

 

Agia Roumeli
Hora Sfakia






onsdag 27. september 2017

Fjelltrim 2017/2018 - Jamneheiane






Frå Mountains in Askvoll

Sjå festa innlegg AHIL- fjelltrim 2017/2018

Den femte og siste obligatoriske toppen på fjelltrimmen for komande sesong er Jamneheiane på vestsida av Eidsfjorden. Den er også nordlegaste toppen på Askvoll-halvøya (sjå kart som kommentar).

Den tradisjonelle ruta hit er opp heile Askdalen og forbi austsida av Steinheia. Det er god sti heile vegen. Ei anna ruta som underteikna har nytta mykje er å gå frå Nordeide via Fisma og rett opp skaret til Fismavatnet og til toppen (det er alltid ein fordel å redusere bilkøyringa)..... Det er dussutan fint å gå frå Follevåg for å få litt forandringar på turane. Jamneheiane er den toppen på sjølve Askvoll-halvøya som ligg lengst frå sentrum. Utsikta derimot er blant dei beste i alle retningar (sjå foto). Det er fint å gå hit heile året.

Det er gode parkeringstilhøve ved innløpet til Askdalen i Askvoll. Her står det òg informasjonsskilt over fjell og ruter kring sentrum.